Stadnamn i Vik

Av Synnøve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y Å

Jambu-

["jambu:-]

Jambueggi er ei fjellrane sørvest for fjellstølen Unnardal.

Jambu- må vera ein samansetjing av jarn n (gn. jarn n) og bu f (gn. bui f). Me skulle ha venta progressiv j-omlyd, for gn. jarn n blir no uttala jedn m av gn. rn let seg derimot godt forklara. For når eit ord som endar på -rn, blir sett framfor eit ord som byrjar på konsonant, får me ikkje dissimilasjon av rn > dn, men assimilasjon til nn, eller kanskje rettare bortfall av r, t.d. blir jarnskoning m uttala jenskoning, og n kan i innlyd verta uttala m.

Tradisjonen vert og å fortelja at det skal ha vore drive jarnvinne her. ("Norsk Innsjønamn" Busk. f. har Jønnbudtjørni)

Jarseggja

['ja:rsaiggjao]

Så heiter den kvasse reinekanten på dei heimste Steimsreinene (Stadheim). Grunnordet -eggja må vera eit åker- (eller ekre-) namn laga med a-suffiks til egg f, og tyda åkeren nede på den kvasse kanten. Utmerkinglekken kan vera gn. jadar m (gen. -s) = kant, rand, og som no tyder jar i målføret og helst er bruka om kant på ty. flatbrød o.l. Jarseggja blir då eit "smør på flesk" namn. Meir truleg er det difor at førelekken er mannsnamnet Jadarr som førekjem nokre gonger i D.N., og som etter N.G. skal vera utmerkingslekk i ein del gardsnamn, t.d Jarstad.

Jons-

['jo:ns-]

Jonshammar (Skjørvo) har vel truleg mannsnamnet Jon, gn. Jón til utmerkingsled. For ei slik tolking talar både genitiv s'en og aksenten. Namnet må då vera frå ei tid då n'en enda var uttala, no blir Jon uttala jou.

Ved sida av hammaren er eit lite dalsøkk, ei jon (joun) som gamle folk kalla slike holer. Hammaren kan ha fått namn etter henne genetiv s'en talar rett nok mot ei slik tolking, men han kan vera komen inn ved analogi.

Jø-

['jø:-]

Jøvatnet er eit lite vatn eit stykke utom stølen Gravotn. Der er og Jøhaugane og Jøbotn som truleg har fått namn etter vatnet. ei lita elv renn i vatnet.

Ei mogeleg tyding av fyrsteleden er gn. gjor n = gyrme f. Gjor må koma av ei germ. rot *ger- ved utbryting ho finst ikkje i dialekten no men derimot vert gor n - som må høyra til same rota, med vera laga på preteritum partisipp steget med a - omlyd - bruka ikkje berre i tydinga "tarminnhaldet på daude dyr", men og blaut, svart myrgyrme = ei gormyr. Her er noko myret ved vatnet, serleg på den eine kanten. Namnet Jøvatnet kan ein då jamføra med gardsnamna. Jøssjøen (N.G. 5 s. 222) og Gjøsviki (N.G. 14 s. 208) som Falk tolkar av dei nynorske dialektorda gjøsse f, gysse f = gyrme her har stomnen vorte utvida med eit s-suffiks.

Sidan det mest typiske for vatnet er at det ligg i eit innsøkk med fjell og bakkar på alle kantar, er det mogleg at Jø- høyrer til same stomnen som gn. gil n = innsøkk, klemstre. Hellquist reknar at germ. *guljo- som det svenske grunnordet gøl = liten innsjø (sjå "Närkes sjønamn" s.20) stammar frå, er ei avlydsform til germ. *gilja-, stomnforma *guljo- finn ein og att i tyske ord.

Sidan Jøvatnet ligg ved ein gamal ferdasteg over fjellet, må me ha lov å rekna med at vatnet har eit gamalt namn. Dette namnet kan altså reelt gå attende på guljo- med ei opphavleg tyding vatnet i innsøkket jamf. gjel med tyding innsøkk og svensk gøl med tyding liten sjø. Formelt skulle ein ha venta uttalen jy, men ein slappare uttale kan ha gjeve jö. I "Norske Innsjønamn" s. 73 har Indrebø Gjøtjernet utan tyding.

Ei tredje mogeleg tolking er den som N.G. har for Jø-dal > Jødrudalr til Jadra = eit elvenamn laga til jadarr m = kant. Elva som kjem inn i Jøvatnet, ligg som i ei renne med høge kantar på båe sider. Vegen krossar elva, så det er rimeleg at "ferdamannen" hadde namn på henne om ho ikkje er særleg stor.

2000-2020 © Torstein Hønsi