Stadnamn i Vik

Av Synnøve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y Å

Åre-

["ao:re-]

Årebotn ligg eit stykke frå Ovrisfjellet, med høge fjell i aust, sør og vest (Tirshaug og Fossfjellet). Her er eit stort vatn og vide myrar oppdelte av grøver og elvearmar.

Fyrste lekken kan ikkje vera gn. á (gn. ár), som elles finst i så mange namn. Truleg kjem Åre- av ei genitivform *ådrar til åder f = åre eller gang i jorda (sjå Aasen s. 28). I Vik blir appellativet no uttala ao, men namnet Årebotn er visseleg eldre enn apokopen.

Åre- kan og koma av ådra vb = laga årar, greina seg ut (Ross s. 24), som og blir bruka i målføret i høve som: "Elva årar seg ut".

2019 © Torstein Hønsi