Vikjavev.no | Photo | Ymse 2014-17

Verstasjonen på Voll

Verstasjonen på Voll
31.7 °C på Voll i dag, og dermed sette verstasjonen ny pers. Den første stasjonen var sett opp i 2003. Dagens verstasjon er ein Davis Vantage Pro, same typen som mange skular i Noreg har sett opp, og som me har sett opp på Vik Skisenter. Han står i sola, men termometeret er beskytta av ein sylinder med kvite kjøleribber. Ei solcelledriven vifte inni syter for at lufta sirkulerer gjennom sylinderen. Målingane samsvarar godt med eit vanleg termometer på skuggesida av huset. Den svarte sylinderen på toppen er nedbørsmålaren. Om vinteren set eg på eit varmeelement slik at snøen smeltar og vert registrert på rett måte.
Map
Photo: Torstein Hønsi - July 24, 2014
2019 © Torstein Hønsi