Stadnamnteigen - Frå Pridlao nr. 2 1999

Slinderhaugane viser i bakgrunnen til venstre på dette måleriet av Tore Røyrvik sitt sel i Lomsli.

Det er med stadnamn som med mange andre vitskapar, at det er det ukjende som gjer oss mest nysgjerrige. Denne gongen skal me sjå på nokre stadnamn der tolkningane er usikre og mest å sjå på som forslag som bør granskast nærare.

Stuasetbotnen ligg for enden av den vide dalen som går opp frå Flateng, fjellstølen til Grønsberg og Seljestø. Bak Stuasetbotnen reiser Gråsåta seg opp og markerer nordenden til dei bratte flogi som heng saman med Nummestolane.

Fyrsteleddet blir av folk forstått som stuv, gammalnorsk stufr m = stuv, stump, stubbe, kort stykke. I ei stadnamninnsamling frå 1931 heiter det at "det kjem seg av at det hev vòre tjuk fureskog". Men Stuasetbotnen ligg 11-1200 m over havet, og her er skrint og mykje stein. Skoggrensa i dag ligg 3-400 m lægre.

Men namnet fortel om meir enn trestuvar. Mellomleddet set kan ikkje vera anna enn det vanlege etterleddet sete, som mest utelukkande blir brukt om stølar. Me lyt difor tru at det har lege ein støl Stuasete ein stad i denne breide dalen.

Viss ein går frå Flateng og rett mot toppen av Hjorthaug, vil ein leggja merke til at lendet gjer ein knekk for enden av dei vide myrane oppunder Hjorthaug, og at bakken heretter er turr og fin. Eit par hundre meter ovanfor denne marklagsgrensa ligg ein grøn flekk i sida, og spori tyder på at sauene likar seg godt her. Det fine graset er godt nedåtbeita og sauene held veksten i hevd med god gjødning.

Truleg har dei gjort det lenge, for i ein sprakasnurr på denne bøen syner to steinmynster som - med litt velvilje - kan oppfattast som tufter. Er dette det gamle Stuasete?

Staden ligg ved kartkoordinat 730 724, kring 970 m over havet. I dag er dette to hundre meter over skoggrensa, men i fylgje ekspertane er namni som sluttar på sete i regelen frå kring vikingtidi, og på denne tidi låg skoggrensa høgare. Klimaet var betre, og mindre beitepress gjorde at rynningane kunne komma opp meir uforstyrra. I mange myrar som i dag ligg over skoggrensa på Vikjafjellet ligg det tjukke stomnar av bjørk og fura, og at det vaks fureskog oppunder Hjorthaug er slett ikkje usannsynleg.

Me kan førestilla oss at denne segni om fureskogen opphaveleg har knytt seg til stølen Stuasete, men når stølen og tuftene har gått ut av folkeminnet har segni vorti sett i samband med Stuasetbotnen.

Dei gamle laut sjølvsagt ha tilgang på vatn i nærleiken av stølen, og eit stykke sør og nedanfor staden tyt det fram fyrsteklasses kjeldevatn frå morenejordi.

Det ville elles vera av stor interesse for oss i Pridlao om lesarane har synspunkt på dette.

Stokkasete er ei gammal slåtte der stølsvegen frå Grønsberg til Flateng kjem ut av skogen 730 m over havet, og ein tydeleg mur her er restane etter ei løe. Slåtta var innegjort, og den siste som slo der var Sjur Jonson Grønsberg (1858-1928) som hadde det til kårslåtte. Namnet er sjølvforklarande, men som i namnet Stuasete skulle sisteleddet tyda på at her ein gong har vore ein gammal støl. Gjerne har han vorte flytta opp til Flateng sidan når beitepresset auka, men det er ikkje fortalt om noko slikt.

Dragsbotnen er heimestølen til Nistad og ligg kring 575 m o.h. Dei gamle meinte namnet frå fyrst av var Dragebunden og kom av at det var ein eller fleire drakar som heldt til der oppe.

Namnet er vanskeleg å tolka sikkert, men me skal leggja fram eit par mogelege løysingar. For det fyrste må me ta med at namnet kan koma av eit vedvarande vinddrag eller fjelltrekk.

Ei anna løysing er vel so spanande. Eit drag er, i fylgje Aasen, "Et Sted hvor noget er el. bliver draget". Viss det har gått eit slikt drag forbi Dragsbotnen, kva var det då dei drog der? Ved kan det ha vore, eller kanskje dyreskrottar slik som er vorte føreslege som forklaring på gardsnamnet Drego i Nærøyfjorden. Men det er verdt å nemna at det kan ha vore jarn dei drog ned her.

I fjelli innafor Dragsbotnen finn me spor etter jarnvinna. På Skoddesete, fjellstølen til Nistad, skal der ha vore ei låsesmidje. Ein liten slagghaug med avfall frå låsane ligg enno kring 50 m vest/nordvest for seli, men er vanskeleg å finna sidan han er overgrodd med sprake. Segni seier endåtil at ein av låsane i Nidarosdomen er laga her av ein av storsmedane på Bungane. Større slagghaugar, Slinderhaugane, ligg nordvest for Lomsli.

På høgfjellet rett ovafor Dragsbotnen ligg Jambueggi (somme seier Jombueggi), og dette namnet har tidlegare vorte sett i samanheng med ei jarnbu, bu der dei oppbevarer jarn. Dette saman med segna om storsmedane på Bungane plasserer Dragsbotnen midt i det gamle jarnvinneområdet.

Me må rekna med at store deler av jarnet som blei utvunne blei selt i nærområdet, og sjølv om vegen er dårleg ned gjennom Dragsbotnen, kan det hende at dei har drege ned litt jarn her og selt i Arnafjorden.

Torstein Hønsi



2000-2020 © Torstein Hønsi