Stadnamnteigen - Frå Pridlao nr. 2 2001

Vangsnes sett frå Flategalden ovafor Gunnarsete.

Denne gongen tek Stadnamnteigen føre seg nokre namn på Vangsnes, sidan det har vorte mykje frå Vik og Arnafjorden tidlegare.

Mytingen er fjellstølen til Hovland. Han ligg i lii ovafor garden i det skaret som går frå Tveiti i retning Kongsli. Utsikti frå Mytingen mot Balestrand er flott, men stølen ligg litt skjult og tilbaketrekt i høve til resten av lii. Dette har gitt stølen namn. Namnet heng saman med verbet myta 'løyna, halda skjult', og ordet myting m blir av Aasen forklara som 'ein som held seg løynd'. "Maten er ingen myting" sa dei på Sunnmøre, og meinte at når ein fekk god kost ville det syna seg på utsjånaden. Mytingen tyder altso det same som det vanlege gards- og stølsnamnet Løyning/Lønning som vart omtala i Stadnamnteigen i fjor haust.

Svidlangsmyri ["svIdlaongsmy:ri] har skapt debatt i kommunestyret i Vik i samband med plasseringi av ny skytebane. Denne myri er lang og har djup jord. Ho vart grøfta i 1936 av rekruttar som arbeidde med dette i fleire veker. Myri høyrde til Midttungardane. Det er ikkje so lett å komma med ei umiddelbar tolking av dette namnet, men me ser nærare på to tolkingsforslag:

Me kan gissa på at fyrstelekken i Svidlangsmyri er eit bortkomme stadnamn *Svidlang. Lyden av Svidlang fører tankane til Midlang, og ved nærare ettersyn er det ikkje så urimeleg at tolkingi kan finnast der. I Norske Gaardsnavne vert Midlang samanlikna med namni Rygglang i Borre og Bryllåm i Etne. Sistnemnde kjem av *Brennlangr der fyrsteleddet er brenna, 'jordstykke rydda ved brenning'. Særmerkt med desse namni er måten dei er sette saman på, med adjektivet lang til slutt. Norske Gaardsnavne nemner vidare nokre tilnamn frå sogene: hærulangr 'som har langt hår' og húslangr om ein mann som bygde eit eldhus av usedvanleg lengde. Vidare skal tilnamnet til Torstein Midlang (Þorsteinn midlangr) som er nemnd i kongesogene tyda 'lang i midja'. At Torstein Midlang kjem frå Midlang i Vik som det står i Bygdaboki, er tvilsamt. På den tid det her er tale om lydde gardsnamnet truleg Mýrlangr. Midlang, Rygglang og Brennlang tyder i fylgje Norske Gaardsnavne 'gard som ligg ved høvesvis ei lang myr, ein lang rygg, ei lang brenne'. Kva so med Svidlang? Det er innlysande at det ikkje har lege nokon gard her, men dèt er ikkje noko hinder for namnelagingi. Fyrstelekken i namnet må vera svida 'jordstykke rydda ved sviing, brenning', same ordet som utgjer gardsnamnet Svea ["svI:ao] i Fresvik. Me kjem altso ut med ei tolking som er lik gardsnamnet Bryllåm/Brennlang i Etne, og Svidlangsmyri tyder etter dette 'myri i nærleiken av den lange svida/brenna'.

Det andre tolkingsforslaget er at fyrsteleddet kjem av svill f 'nedste stokken eller stokkeomfaret i eit laftahus', eit ord som var velkjent i Vik før den nye byggjeskikken kom til, og som vart uttala "svId*l. Me kjenner att ordstomnen i det svake hokjønnsordet sville, jernbanesville. Til svilli må dei ha brukt spesielt rotebestandig alfuru. Lasse Midttun fortalde i 1956 at dei tok vyrke til svillar ved Svidlangsmyri, men det er likevel verdt å merkja seg at slike forklaringar ofte kjem til etter at eit eldre namn er vorte uforståeleg. Me sit i alle fall igjen med leddet -ang som òg må forklarast. Det kan vera endingi -langr som er vorte til på same måte som er forklart i avsnittet ovafor, eller det kan vera ei -ungr-ending som er brukt mykje i innsjønamn, og i dette tilfellet har vorte brukt på myri. Men den mest nærliggjande forklaringi er nok å forklara opphavet til Svidlangsmyri som *Svillafangsmyri der fang n tyder 'emne, tilfang, materiale'. Dette er eit ord som er mest brukt i samansetjingar, og Norsk Ordbok nemner blant anna brennefang, byggjefang, gjerdefang, hesjefang, husfang, skiefang og tekkjefang. I denne samanhengen er det lett å tenkja seg at dei gamle kan ha kalt sville-emna for svillefang. Bindevokalen vil i målføret bli a nett som i andre hokjønnsord i denne klassen, jamfør elv f og Elvagata. Etter kvart har det tunge namnet *Svidlafangsmyri vorte stutta ned til Svidlangsmyri, gjerne etter påverknad av gardsnamnet Midlang.

Kva for ei av desse to tolkingane som er rett er ikkje godt å sei, kanskje er ingen av dei rett. Men det er vel gjerne den siste som er mest truverdig alt i alt.

Trona ['trå:nao]. Mange vil finna det naturleg å skriva Tråna, men bokstaven å skal brukast brukast der uttalen i vikjamålet er ao. Det er berre nokre heilt få unntak frå denne regelen, til dømes håpa og infinitivsmerket å. Vokalen i Trona er ein open o som i kona, open, Hove. Jamfør og bruksnamnet Kråna ['krao:nao] på Nese.

Det låg tre småbruk i Trona, og kommunen kjøpte det eine og la det ut til tomter. Men namnet Trona femnde ikkje om heile området der byggjefeltet er i dag. Frå huset til Arne Vangsnes og utover til Grisakleivi, som er rett over huset til Anna Eithun, heitte det Træet, eit namn som kommunen har oversett. Eit træ tyder 'lite inngjerda jordstykke', og ordet er vanleg i stadnamn her i området.

Ei trod er i fylgje ordbøkene ein 'stad der det er mykje trakking, veg eller flate der jordi vert fasttrakka, soleis i eit tun'. Ordet er registrert i Sogn blant andre stader, og det er ført opp at uttalen er "trå", sumtid "trò". Elles er tydingane 'krøterkvi' og 'mjølstøl' oppførde, sistnemnde frå Voss. Det er kanskje den fyrste tydingi av ordet som er mest sannsynleg hjå oss. Trona låg rett ovafor utgarden der ein veg kom ned frå Vangsnesmarki. At husdyri gjekk mykje og trakka i Trona er rimeleg.

Elles har me her eit døme på kva ending sterke hokjønnsord får i vikjamålet - eller balestrandsmålet vert det kanskje på Vangsnes: roti blir utvida med ein n og me får tillagt den svake endingi -ao. Andre døme på dette er klo - klonao, bru - brunao, kvi - kvinao osv. Dette er eit målmerke som er på veg ut. Yngre vikjer seier helst kloi, brui, kvii. Det er òg interessant at dette er eit av få punkt som skil arnafjordmålet frå vikjamålet. I Arnafjorden heiter det kloni, bruni, kvini. Truleg er dette etter påverknad av Nordhordlandske målføre etter omfattande kontakt over fjellet og innflytting på 1800-talet.

Informantar:
Bjarne Høiland
Johannes Vangsnes

Torstein Hønsi



2000-2020 © Torstein Hønsi